FRIVILIGGE YNSKJES

Bli med der det sprøe og artige skjer, du vil ikkje angre!

Anten du har interesse i gaming eller vil vere sosial, om du ynskjer å hjelpe oss er du hjarteleg velkommen hos oss! Arrangementa våre er for ungdom, arrangert av både ungdommar og vaksne. Har du noko du vil bidra med til å hjelpe oss å arrangere? Bli ein av oss då vel!

LAN er ein sosial samankomst der heftige ting skjer! Ingen behøver å spele konstant med mindre ein føretrekk dette sjølv, for eit datatreff er så mykje meir! Ein møter ikkje berre nye vennar, ein får moglegheita til å bli ein del av miljøet, spele saman og ikkje minst føle seg inkludert! Bli med der det sprøe og artige skjer, du vil ikkje angre!

KONTAKTINFORMASJON

–    Mail: wannabe@ulsteinlan.com

–    Skrive til oss på Facebook – UlsteinLAN

–    Styreleiar: Per Olav Digre – 91518498

KVIFOR MEDELSKAP?

Ynskjer du å verte medlem i BurnOut Dataparty?

Akkurat no er det berre ein måte å gjer dette på:

Alle medlemskap betalast i døra, altså ved innsjekken på eit av våre arrangement, ved bruk av Vipps. Biletet ovanfor viser innsjekken ved inngangen til arrangementet. Det som er heilt fantastik med medlemsavgifta, er at den varer ut heile kalenderåret!

Medlemskapet kostar i 2023 kr 100,- (per kalenderår).

Kva fordelar får DU av medlemskapet hos BurnOut Dataparty?

  • Gratis adgang og bordplass til våre arrangement i 2023, som er i vinterferien (veke 8) og haustferien (veke 41) om ikkje noko uforventa oppstår.
  • For gratis adgang er det krav om at du MÅ ha med deg anten PC eller konsoll på arrangementet.
  • Vi jobbar med meir som vil bli innkludert i ditt medlemskap, og kjem tilbake med dette.

Kvifor må vi ha 100,- i medlemsgebyr? 

– BurnOut Dataparty er medlem i organisajonen Hyperion. Her hentar vi ut dei
største delane av kontantstraumen vår igjennom eit år, i form av midler
frå Frifond. For å motta støtte frå Hyperion må vi kunne vise til ei medlemsliste med aktive medlemmar. Ein
aktiv medlem er eit medlem som betalar ein kontigent til organisasjonen
(BurnOut Dataparty) på minimum kr 100,- pr år. For dette, får vi gleda
av å motta støtte i form av midler frå dette fondet som vi ikkje kunne
ha vore uten. Vi takker derfor blant anna Hyperion og Tussa,
samt Ulstein Arena for at vi kan bistå med å halde den aktive nerden i
deg gåande!

Har du spørsmål til dette, så ta kontakt med oss på admin@nettverksparty.com. Eller send oss ei melding på vår Facebook side.

KVAR FINN DU OSS?

Er du usikker korleis du finn fram til vår lokasjon? Les her!

Våre arrangement føregår i Ulsteinvik, under taket til Ulstein Arena. Nedanfor finn du både eit kart og adressa til vår lokasjon.

Vi minner alle på at inngangen til alle arrangementa våra IKKJE ER HOVEDINNGANGEN til Ulstein Arena, men ein av sideinngangane som er skilta når arrangementet startar. Om du ser biletet ovanfor, av framsida til Ulstein Arena, vil du finne inngangen vi benytter ved å følgje vegen bak trappa på venstre side.

Enklaste måten å finne fram på, er at du køyrer opp på baksida av huset og følgjer vaktene. Om du ikkje finne vakter, så kan du følge skiltinga, men der vil ALLTID vere vakter ved sideinngangen som er hovudinngangen for arrangementa våra.

KART

Adresse: Vikemyra 2, 6065 Ulsteinvik

FØRESATTE?

Er du ein forelder eller har ansvar ovanfor nokre ungdommar under arrangementet?

Under arrangementet vil der alltid vere ein stad dedikert som eit soveområde, slik dine søte små får ein blund under opphaldet, og tilgang til toalett og dusj. Med bånd, som ein får ved innsjekken, får dei også rabatterte prisar med Ulstein Badet under opphaldet.

Vi har arrangørar som er utdanna førstehjelpsinstruktørar og god dialog med Politiet som er innom og passar på at vi alle har det bra. Samt har vi vårt eiget vaktlag, med timeplan som gjer slik at nokon vil alltid vere tilgjengeleg, altså vakter 24 timar i døgnet som passar på!

På datatreffet vårt har vi ein kiosk med eit godt utvalg, der t.d. det meste av mat er laga frå botnen av. Det vert servert relativt sunn mat hos oss, alt i frå brødskive til pizza og taco, og midt i mellom. Men sjølvsagt er det matvare-butikkar i nærleiken av vårt arrangement, og snacks og smågodt er heller ikkje langt vekk 😉

Med stort utvalg av ulike brusar og energidrikk (både sukkerfri og med sukker), itillegg til vår eigen vanndispensar med kaldt og varmt vatn, har ungdommen eit energirikt og variert utvalg i vår kisok.

Du slepp sjølvsagt inn for å kunne sjå om alt står bra til!

Om du er usikker på kva som gjerast på eit slikt arrangement og vil ha ein bedre forståelse av vårt frivillige arbeid, så kan du melde di interesse som frivillig og hjelpe oss å arrangere ei slik samling for ungdommen. Les meir og meld di interesse her


Kontakt oss om det skal være noko!

– Facebook – UlsteinLAN

– Styreleiar: Per Olav Digre – 91518498 – pdigre@edigre.com

INNSJEKK KL.14.00

Frå og med kl.14.00, tysdag 10.oktober, kan du som deltakar kome inn på vårt arrangement her på Ulstein Arena. Etter du har gått gjennom innsjekken, er det berre å finne din bordplass, og setje dine ting ved din eigen plass. Du bringer eiget utstyr på eiget ansvar, men om du skulle miste noko under arrangementet, kan du gå til innsjekken å høyre om nokon har funnet det du har mistet.

Inngangen er IKKJE hovudinngangen til byggjet, men ein sideinngang som du kan lese meir om ved å trykkje på innleggjet nedanfor:

Guide til påmelding – Preseat

Har du vanskar eller treng hjelp med påmelding til arrangementet? Les nedanfor!

NB: Dette er ein pdf-fil som du kan laste ned.

RETROLAN

Temaet for årets haustLAN er RETRO. Men kva er det? Iforhold til Vintage, som går ut på å bruke originale produkt frå tidlegare periode, handlar retro om å skape. Stilen hentar sin inspirasjon frå gjenstander, produkter og fleire stilar frå andre tidsepoker. Ein har stor friheit til interpretering og form, altså til å oppfatte og gjennskape retrostilen i sitt eiget syn.

Kanskje får du oppleve litt retrostil på det komande LANet? Kom innom då vel!

BLI GRASROTGIVAR

Du kan legge oss til som grasrotmottakar!

Legg oss til som grasrotmottakar her
Les om kva grasrotandelen er for noke her

Kvifor skal du være en grasrotgivar?

Det koster deg ikkje noko, da Norsk Tipping er dei som betalar ut til grasrotmottakerane. Dei gir ein liten bit kvar gong du tippar hos Norsk Tipping.

Dette bidrar til å gi ungdommen i regionen to gratis, rusfrie arrangement i året.

Grasrotandelen blir brukt til å dekke husleige, innkjøp av nytt utstyr, rekvisittar, kioskvarer kor vi lagar heimelaga pizza og andre utgifter knytt til å arrangere eit slikt arrangement.

Sjølv om det er gratis å komme inn for alle medlemmar, er det ikkje gratis å arrangere eit arrangement på ein sånn størrelse.

Vi er svært taksamne for alle som er grasrotgivera hos oss.

Du må være 18 år og ha konto hos Norsk Tipping

SPOND

Bli med å bidra til BurnOut Dataparty

Med Spond Cashback får BurnOut Dataparty pengar kvar gong du handlar med ein cashback partner. Det er partnerane som bidreg med pengane, så det kostar deg ikkje noko ekstra.

Gå inn på lenka for å lese meir og bidra:

Har du alt Spond appen, så kan du bruke koda: KYRAS

Kven er Spond til for?

Spond er for alle som organiserar aktivitetar for andre menneske, eller deltar i aktivitetar. Spond gjør det enklare å delta i fellesskapet, og bedre å være saman!

Kostar det pengar?

Spond er heilt gratis å laste ned og å bruke! Den einaste kostnaden kommer om man velger å samle inn pengar gjennom Spond, da tilkjem det ein transaksjonsavgift. Det er ingen skjulte avgifter.

Korleis blir eg eit medlem av ei gruppe?

Ein gruppeadministrator kan invitere deg anten ved å bruke kontaktinformasjonen din eller ved å dele ein gruppelink/-kode med deg.

Du kan lese meir om Spond her: https://spond.com/faq

VIL DU VERE CREW?

Vi treng fleire i CREW!

BurnOut Dataparty ynskjer frivillige til framtidige arrangement.

Vi treng medlemmar til ulike oppgåver for å sørge for at ungdommen har ein fantastisk ferie med oss.

Om du ikkje veit kvar du vil, send oss fortsatt ein forespurnad, så finn vi ein plass til deg!

Send oss din søknad på: wannabe@ulsteinlan.com, eller skriv til oss på Facebook/Messenger: UlsteinLAN eller BurnOut Dataparty.


Vi ser etter:

Game-Crew

I Game-Crew jobbar du i eit team som er ansvarlege for spelkonkurransar og lokale spelserverar.
Har du:

  • Ein lidenskap for spel?
  • Lyst å lære meir om serverar og nettverk?
  • Litt kunnskap om server?
  • Brenner du for E-sport?

Ynskjer du å bli med i Game-Crew? Då er det berre å søkje. Opplæring og tidsplan vil bli gitt.


Medlemskoordinator

Ein medlemskoordinator jobbar med å gi våre medlemmar gratis ting som blir utdelt under arrangementet.

Medlemskoordinator skal óg få vite når alt skjer under arrangementet, og korleis ein skal henvende seg om eventuelle, og meir avanserte spørsmål. Vi treng minst to personar i denne rolla, og helst over 16 år.

  • Handternig av spørsmål fra deltakerar
  • Finne ting å gi vekk til medlemmane under arrangementet fra bedrifter
  • Handtering av pant/pantelotteri
  • Tett sammarbeid med alle crew

Dronepilot

Det innebere ei stilling som ikkje finst i dag, men er sårt trengt. BurnOut Dataparty har ei Drone av typen «DJI Phantom 4» som vi ser etter ein pilot/fotograf til.

  • Filming rundt arrangementet for Media, og promotering
  • Dette skjer i tidsrommet før og under arrangementet

Vakter

  • Her krever vi ein myndig person, dvs. over 18 år med plettfri vandel.
  • Er du foresatt eller bare har ferie og ikkje veit kva du skal gjer på?
  • Oppgåver under arrangementet blir innsjekk, vaktrunder rundt inne og utanfor lokalet. Vi har 24-timers vakthold da det alltid er nokon våken.
  • Vaktene blir delt opp i vaktlag med ein tidsplan

Media

  • Ingen krav til alder
  • Erfaring med bilde og videoredigering. Vi brukar Adobe sine produkter i dag, så vi lett kan jobbe saman.
  • Oppsett av nettside og oppdatering av informasjon til deltakerane. Vi brukar WordPress.
  • Oppgåvene i Media-crew er å planlegge arrangement tema, oppsett av nettstad. ta bilder før og under arrangementet, filme, streaming, redigere bilder og videoar. Vi lagar også effekter/bannere til nettsida, facebook og andre sosiale medier.

Kiosk

  • Må kunne jobbe i team, må takle å jobbe natt, kan til tider være høgt tempo og null tempo om kvarandre, må kunne «sjå» kva som må/bør gjerast
  • Ryddig, oppvask og eller kjøkkengjøremål
  • Like å jobbe med ungdom

Nettverk

  • Vi ser etter ein som har kunnskap eller bakgrunn innen nettverk
  • Arbeidsoppgåver vil være oppsett av det komande arrangementet, vedlikehald og vakt på dag/nattestid. Nettverket skal være oppe uten brudd under heile arrangementet.

Airsoft

  • Du må være minst 16 år, helst 18
  • Salg av runder, dommar og instruksjon av reglar før runder.

Send oss din søknad til: wannabe@ulsteinlan.com

SPONSORAR OG SAMARBEIDSPARTNARAR

Vi er svært takksamne for alle våre sponsorar og samarbeidspartnarar.

Ta kontakt med oss om du ynskjer å bidra til å gi barn og ungdom i regionen eit rusfritt arrangement.

Vil du vere sponsor eller samarbeidspartnar med oss?

Kontakt oss på sponsor@nettverksparty.com


OM BURNOUT DATAPARTY

Om BurnOut Dataparty som arrangerer UlsteinLAN:

Vi har arrangert datatreff for nerdar og normalfolk sidan vår oppstart i 1999. (Jau, vi starta faktisk i rett årtusen, og mest sannsynleg før du var fødd!!!

UlsteinLAN er eit av våre arrangement som vi har hatt i nokre år, og har stor vekst dei siste åra før pandemien kom og tok Noreg for 3 år sidan.

No satsar vi på å vere tilbake for fullt, og vil halde datatreff hos Ulstein Arena hovudsakelig i veke 8 og veke 41 kvart år, med unntak av påska 2022.

Vi har lang tradisjon med å arrangere slike treff, og er stolt av å kalle oss ekte NERDAR!

Gjengen som vi har med oss på desse treffa er utelukkande frivillige og legg ned masse tid og energi i det som har vore vår store stoltheit.

Alle våre arrangement er rusfrie og gratis*.

Vi arrangerer gratis* fordi vi har Foreningen for fantastiske fritisdsinteresser i ryggen. Også kjent som N4F.

Det einaste du betalar hjå oss er medlemskap for inneværande år. Etter dette er det gratis å kome på våre treff, så framt du har med deg PC eller konsoll. Dagspass for dei som vil inn og kike eller halde godt lag må løyse billett ved ankomst.

Velkommen til oss!