REGLAR

Ved brot på reglane vil du få ein-(1) advarsel. Om du bryt samme regelen igjen, vil du bli bortvist frå arrangementet. Reglemanget kan bli oppdatert forlaupande, så hald deg oppdatert til ei kvar tid.

§1 UlsteinLAN er eit rusfritt arrangement. Rus påverka personar vil bli bortvist frå arrangementet, og eventuelle rusmiddel vil bli konfiskert. Politiet kan verte tilkalla ved behov, eventuelt føresette.

§2 Røyking er ikkje tillat i lokalet og er forbehaldt røykeområde utanfor lokale, dette er skilta. Om du snusar skal brukte snus kastast i søppel.

§3 Når du kjem til UlsteinLAN, må du betale først (Om du ikkje har gjort dette online), deretter vert det tildelt band. Bandet du får tildelt, er du sjølv ansvarleg for. Øydelagt eller mista band må erstattast i vakta, og du vil bli belasta gebyr.

§4 Plassen du har vald på preseat.no er din plass under heile arrangementet. Om du vil bytte plass må du ta kontakt med vakt.

§5 Vi har kiosk over tribuna med godt utval av god mat og drikke. Oppvarming av pizza skjer gjennom kiosken. Bak kiosken er det ikkje tilgjengeleg for deltakarar.

§6 Deltakarane skal sørge for å halde det ryddig rundt plassen sin. Arrangør kan pålegge deltakara å rydde rundt sin eigen plass. Vakta vil gå runde å samle inn pant og søppel i jamne mellomrom.

§7 Soving skal skje i sovesalen. Soving ved plassane er ikkje tillat grunna brannsikkerheit. Det er høgst anbefalt at deltakarar tek med seg sovemateriell som liggja-underlag/feltseng og sovepose/pledd. Det er ikkje lov med powerbank eller lignande i sovesalen. Om det blir funnet, vil den bli inndrat av vakt og du kan hente den der, når du har våkna igjen.

§8 Det er forventa at du utøver vanlig folkeskikk og at du fyljer norsk lov under arrangementet. Respekter dei rundt deg eller aksepter konsekvensane. Lovbrot og hærverk vil bli meldt til politiet.

§9 Kvar deltakar får ein plass på 100x75cm (Breidde x Djubde). Alt du får plass til av datamaskin, konsoll, tv/skjerm er i prinsippet tillat. Kvitevarer som kokemateriell, kjøleskap eller vaffeljern er ikkje tillat grunna brannsikkerheit. Enkle ting som kjølebokser er tilete.

§10 Eit straumuttak og eit nettverk-uttak vert gjort tilgjengeleg pr. deltakar. Om straumen går på ei rekke kan arrangør krevje at unødig utstyr vert fjerna.

§11 Du er sjølv ansvarleg for eige utstyr. Lat ikkje verdisaker liggje synleg om ikkje du eller nokon du stolar på er i nærleiken. Vi har ikkje hatt problem det tjuveri på våre arrangement , men betre føre var. Sørg for oppdatert Anti-virusprogram for din eigen skuld vel som andre. Om det skal oppstå eit tjuveri skal det varslast til vakta.

§12 Dyr er ikkje tillat i lokalet grunna allergiar.

§13 Det er ikkje tillat å snike seg inn i lokalet. Vert dette oppdaga, vil du verte utestengd på ubestemt tid. Prøvar du som deltakar å ta deg inn i rusa tilstand, vil du bli bortvist og du får hente utstyret ditt tidlegast neste dag, då i følje med føresett om du er under 18 år.

§14 Skulle det oppstå eit nødstilfelle, ta kontakt med næraste vakt eller arrangør og gjer dei kjent med situasjonen. Vi har personell som er opplærde i alt frå fyrstehjelp til datateneste.

§15 Kos deg og ha det gøy. Hugs at mobbing er ikkje tillat, om det skal oppstå noko som ikkje har blitt sagt ovanfor, ta kontakt med crew. Vi er her for din velferd.

§16 Bruk sunt nettvett, og respekter andre sitt privatliv. Det er ikkje lov i henhald til norsk lov å legge ut informasjon eller bilete av andre utan samtykke!

§17 Bruk av høgtalara er tillete på våre arrangement, men om du er til stor sjenanse vil du verte åtvara, og delar eller heile lydanlegget kan verte inndrege.

§18 Vi forbeholder oss retten til å avlyse arrangement grunnet force majeure.

KONTAKT OSS

Kven kontaktar du?

BurnOut Dataparty

Org. nummer

990 779 767

Adresse

6065, Ulsteinvik

E-post

admin@nettverksparty.com

Telefon

Styreleder: Per Olav Digre – 915 18 498

Nestleder: Ronny Kleppe – 976 40 825

Nettstad

Www.nettverksparty.com

KVAR FINN DU OSS?

Er du usikker korleis du finn fram til vår lokasjon? Les her!

Våre arrangement føregår i Ulsteinvik, under taket til Ulstein Arena. Nedanfor finn du både eit kart og adressa til vår lokasjon.

Vi minner alle på at inngangen til alle arrangementa våra IKKJE ER HOVEDINNGANGEN til Ulstein Arena, men ein av sideinngangane som er skilta når arrangementet startar. Om du ser biletet ovanfor, av framsida til Ulstein Arena, vil du finne inngangen vi benytter ved å følgje vegen bak trappa på venstre side.

Enklaste måten å finne fram på, er at du køyrer opp på baksida av huset og følgjer vaktene. Om du ikkje finne vakter, så kan du følge skiltinga, men der vil ALLTID vere vakter ved sideinngangen som er hovudinngangen for arrangementa våra.

KART

Adresse: Vikemyra 2, 6065 Ulsteinvik

FØRESATTE?

Er du ein forelder eller har ansvar ovanfor nokre ungdommar under arrangementet?

Under arrangementet vil der alltid vere ein stad dedikert som eit soveområde, slik dine søte små får ein blund under opphaldet, og tilgang til toalett og dusj. Med bånd, som ein får ved innsjekken, får dei også rabatterte prisar med Ulstein Badet under opphaldet.

Vi har arrangørar som er utdanna førstehjelpsinstruktørar og god dialog med Politiet som er innom og passar på at vi alle har det bra. Samt har vi vårt eiget vaktlag, med timeplan som gjer slik at nokon vil alltid vere tilgjengeleg, altså vakter 24 timar i døgnet som passar på!

På datatreffet vårt har vi ein kiosk med eit godt utvalg, der t.d. det meste av mat er laga frå botnen av. Det vert servert relativt sunn mat hos oss, alt i frå brødskive til pizza og taco, og midt i mellom. Men sjølvsagt er det matvare-butikkar i nærleiken av vårt arrangement, og snacks og smågodt er heller ikkje langt vekk 😉

Med stort utvalg av ulike brusar og energidrikk (både sukkerfri og med sukker), itillegg til vår eigen vanndispensar med kaldt og varmt vatn, har ungdommen eit energirikt og variert utvalg i vår kisok.

Du slepp sjølvsagt inn for å kunne sjå om alt står bra til!

Om du er usikker på kva som gjerast på eit slikt arrangement og vil ha ein bedre forståelse av vårt frivillige arbeid, så kan du melde di interesse som frivillig og hjelpe oss å arrangere ei slik samling for ungdommen. Les meir og meld di interesse her


Kontakt oss om det skal være noko!

– Facebook – UlsteinLAN

– Styreleiar: Per Olav Digre – 91518498 – pdigre@edigre.com

KIOSK

NB: Prisar og oppdateringa kan og vil forkome!

VI TILBYRPRIS
Chips20,-
med pølse30,-
Ekstra pølse (pr stk)10,-
med 3 nuggets30,-
Ekstra nuggets (pr stk)5,-

Chilli cheese10,-
Nacho cheese10,-
Løkringar5,-

Pizzastykke20,-
Kebab i pita (Velg mellom kylling og kebabkjøt)70,-
Kebab i rull (Velg mellom kylling og kebabkjøt)70,-
Mellombar5,-

Brus (250ml eller 500ml)15,-/25,-
Battery stor (500ml) eller liten25,-/20,-
Red Bull stor eller liten35,-/25,-
Erstatningsbånd25,-
Nettverkskabel, CAT6 (15m)150,-
Excible USB-C til ethernet500,-

TIMEPLAN

NB: Endringar kan førekome!

TidspunktTysdagOnsdagTorsdagFredag
10.00
11.00
12.00
13.00
14.00STARTRocket LeagueSLUTT
15.00Rocket League
16.00Bumperballs
17.00CS2Bumperballs
18.00CS2Bumperballs
19.00CS2Bumperballs
20.00CS2
21.00Lys avscene compo
22.00Scene composcene compo
23.00Scene composcene compo
00.00scene compo
01.00
02.00

KVA SKAL DU HA MED DEG PÅ LAN?

Er du usikker på kva du kan ta med deg på LAN?

1. Planlegg turen godt og hugs å reserver plass i god tid!


Skal du reise med andre venar, kan det være lurt å sette seg saman å planlegge.
Reserver plassen i god tid. Er ikkje sikkert det er plass om det er ei stor gruppe som vil sitte saman.


2. Ta med alt nødvendig utstyr

På LAN treng du noko å spele med. Dette kan være ein PC, bærbar eller ein konsoll (PlayStation, Xbox, Nintendo f. eks) Hugs at du skal få plass til det du tar med deg på 100x75cm, så ikkje ta med deg for mykje!

Alle har eit nettverksuttak på switchen som står midt på bordrekkene, så har du valgt å sette deg på enden, må du ha med deg ein nettverkskabel på minst 15 meter. Vi anbefalar alle å ta med seg 15 meter nettverkskabel. (Vi selger 15 meter CAT6 UTP i kiosken for 150Kr)

Straum, du har eit strømuttak på bordet. Ta med deg straumpadde (forgreinar) for å forsyne gaming riggen med straum.

Ta med deg godstolen ikkje minst!


3. Kle deg etter forholdene og hugs skift

Ha med deg komfortable kle, finstasen kan liggje att heime. Tempratur kan variere, så ta med deg også litt varmare tøy om det skulle bli litt kaldt.

Vi har også tilgjengeleg dusjar som har plass til maks ein person, så ikkje gløym handduken!

Og ikkje minst, rabatterte prisar på Ulstein Badet! (Vis båndet ditt)

Ta med deg toalettsaker (tannbørste, tannkrem, såpe, deodorant)


4. Mat og drikke

Det er ikkje noko nytt at energidrikk er vanleg på LAN. Ta derfor med deg ei drikkeflaske som du kan fylle på med vatn, vi har vanndispensar med både kaldt og varmt vatn. Vatn virkar betre enn energidrikk!

Det vil være døgnåpent kioskdrift, her lagar vi mat fra botnen av.

Vi minnar på at våre arrangement er 100% rusfrie, så la alkoholholdig drikke eller andre rusmidlar være!


5. Ein god spelar er utkvilt

Med det sagt, så skal vi sjølvsagt gi deg ein plass å sove på. Vi kan dessverre ikkje stille med seng eller luftmadrass, men vi har eiget oppmerka areale for soving.


6. Hylle

Det kan ofte være liten plass, men å lage ei hylle å sette PCen og anna snacks i er å anbefale.

Hylla kan IKKJE være djupare en 70cm (5cm for kablar bak)

Hugs at din plass er 100cm brei, byggjer du med andre kan den være lengre, men den må støtte opp om strekket blir longt.

Det er IKKJE lov å feste hylla til bordet i form av skruar eller lignande, den må være stabil til å stå av seg sjølv.

PRISAR

Kva kostar inngangsbillettar?   
 - Medlem m/PC?
- Ikkje medlem m/PC?
- Dagspass, medlem u/PC?
- Dagspass, medlem m/PC?
- Dagspass, ikkje medlem u/PC?
- Dagspass, ikkje medlem m/PC?

Medlem m/PC 0,-

For alle medlemmer i BurnOut Dataparty for 2023.

Medlemskapet betales i døren.

Dette inkl. plass med PC for vinter og høstferien.

Du kan delta i compoar med denne.

Ikkje medlem m/PC 600,-

For dei som ikkje ynskjer medlemskap.

Plassreservasjon i salen med PC.

Dagspass, medlem u/PC 100,-

Kan ikkje delta i compo.

Gyldig frå 12:00 til 12:00 neste dag. (medlemskap inkl. første kjøp)

Dagspass, medlem m/PC 100,-

Kan ikkje delta i compo.

Gyldig frå klokken 12:00 til 12:00 neste dag, ikkje garantert plass.(medlemskap inkl. første kjøp)

Dagspass, ikkje medlem u/PC 200,-

For dei som ikkje vil være medlem, ellers lik vanlig dagspass.

Dagspass, ikkje medlem m/PC 250,-

Kan ikkje delta i compo.

Gyldig frå 12:00 til 12:00 neste dag.

Ikkje garantert plass.